tirsdag 31. mars 2020

Mangel på ytringsfridom i Kina trugar no liv i heile verda

Dersom det hadde vore full ytringsfridom og ei fri presse i Kina, kunne verda ha kome koronapandemien i forkjøpet. Det er konklusjonen til organisasjonen Reporterar utan grenser. Den peikar på ein forskingsrapport frå University of Southampton om utbreiinga av koronaviruset Covid-19. Den viser at om dei ikkje-medisinske tiltaka som blei sette i verk i Kina 20. januar, hadde blitt sett i verk to veker tidlegare, kunne det ha redusert tala på smitta med 86 prosent i Kina og ha redda mange menneskeliv i heile verda. På den andre sida, om tiltaka hadde blitt sett i verk, eit par veker seinare, ville talet på døde og smitta ha vore sju gonger høgare.

Dei kinesiske legane oppdaga tidleg det som seinare viste seg å vera koronaviruset Covid-19, og dei prøvde å få ut informasjon om det. Dei blei arresterte og skulda for å spreia falske rykte. Dei kunne heller ikkje gå til pressa med den informasjonen den kinesiske staten og Det kinesiske kommunistpartiet ikkje ville at dei skal gå ut med. Grunnen er at den kinesiske pressa ikkje er fri og derfor heller ikkje kan verna kjeldene sine.

Les mer