onsdag 14. november 2018

Ber «Kina-rektor» om å setje menneskerettar på dagsorden

Abdurihim, som denne veka deltok i panelsamtale i regi av Bergen ressurssenter (CMI/UiB) og Raftostiftelsen, ber rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, om å ta opp overgrepa mot uigurane med kinesiske samarbeidspartnarar og styresmakter. Olsen er ein av dei fremste eksponentane for norsk universitetssamarbeid med Kina. Han har tidlegare fått kritikk for å binde universitetet for tett opp mot kinesiske interesser. Nyleg vart Olsen tildelt æresprofessorat ved universitetet i Shangdong. I august vart ein tidlegare professor frå nettopp dette universitetet arrestert medan han vart telefonintervjua på direktesendt fjernsyn.