torsdag 27. juli 2017

Kina truga Vietnam til å stoppe oljeleiting


Kina skal ha truga Vietnam til å stoppe ei nyleg påbegynt oljeleiting i Sør-Kinahavet, i den siste av ei rekke episodar der stormakta hevdar sin rett i det omstridde havområdet. Det er BBC som rapporterer om dette, basert på kjelder i det vietnamesiske diplomatiet og det spanske oljeselskapet Repsol, som var ansvarlege for oljeleitinga i det dei omtaler som blokk 136–03. – Dette er ikkje overraskande, seier seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet PRIO, Stein Tønnesson til NRK, og viser til at det har vore ein dragkamp mellom Kina og Vietnam om oljeboring i dette feltet i fleire tiår.