søndag 14. august 2022

Torbjørn Færøvik: - Kina kjem til å bli ein superspreiar av verdiar vi bør hate som pesten

- Vi har i dag mange typar akademisk samarbeid med Kina. Noko er bra, andre ting forkasteleg, seier Torbjørn Færøvik i intervju med Khrono. Den prisløna forfattaren og tidlegare utanriksjournalisten har i fleire år vore ein av dei skarpaste kritikarane av det han oppfattar som ei naiv tilnærming til det kinesiske regimet – også i kunnskapssektoren.

Færøvik meiner akademikarar ofte slit med å sjå korleis arbeidet deira går inn i ein større samanheng.

- Eg trur mange forskarar, norske inkludert, lid av tunnelsyn. Dei er mest opptatt av sitt eige, vesle fagområde og forstår ikkje alltid dei politiske implikasjonane av arbeidet sitt. For mange er Kina berre ei spennande moglegheit. Derfor er det så viktig at PST, Nasjonal sikkerhetsmyndighet og Etterretningstenesta kjem på banen med både gule og raude kort.

På papiret er Kina fortsatt eitt av Noregs hovudsamarbeidsland, gjennom Panorama-strategien, slik Russland har vore. Men dei norske tryggleikstenestene har lenge åtvara mot spionasje, seinast i februar. Då vart nettopp desse to landa utpeikt til dei største truslane. Universitet og forskingsinstitutt er «nærast regelmessig blitt utsett for innbrot». Noreg er eit attraktivt mål, og leiande på forsking, teknologi og utvikling på område Kina sjølv ønsker å utvikle, ifølgje E-tenesta.

Med Russlands krig i Ukraina er situasjonen i ferd med å gå frå vondt til verre. Kina og president Xi Jinpings tette band til Russland og president Vladimir Putin har fått EU og Nato til å skjerpe tonen.