onsdag 18. mai 2022

Set opp minnesmerke av Tiananmen-massakren i Oslo

Statuen «Skamstøtta», eller «Pillar of Shame», blei set opp utanfor universitetet i Hongkong i 1997. Det åtte meter høge monumentet var eit minnesmerke etter massakren på Den himmelske fredsplass 4. juni 1989. I desember i fjor blei statuen fjerna av universitetet på oppmoding frå kinesiske myndigheiter. 25. mai blir ein annan versjon av statuen avduka ved Det juridiske fakultet i Oslo. Her skal han stå i litt under ein månad.

Reisinga av minnesmerket i Oslo er eit samarbeid mellom Amnesty International Noreg, Hongkongkomiteen i Noreg og den danske kunstnaren Jens Galschiøt. Statuen som kjem til Oslo har tidlegare stått føre Folketinget i København. Det skapa store politiske reaksjonar frå kinesiske myndigheiter, fortel generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty Noreg. – Så me reknar med at kinesiske myndigheiter kjem til å mislike dette veldig sterkt.