mandag 21. februar 2022

UiBs rektor legg kinasatsing i skuffen. — Vil ikkje inn i avtalar vi ikkje kan stå inne for

Dagens rektor ved UiB ønskjer ikkje å vidareføre den høgprofilerte satsinga på forskings- og utdanningssamarbeid med Kina. — UiBs kinastrategi går ut i år. Eg kjem ikkje til å ta initiativ til å lage ein ny strategi for Kina på institusjonelt nivå, seier Hagen til Khrono. Hagen seier ho ikkje «ser behovet» for å vidareføre handlingsplanen.

Det er knappe fire år sidan UiB etablerte forskings- og utdanningssamarbeid som satsingsområde og strategisk pillar. Som einaste norske universitet vedtok UiB ein eigen handlingsplan for kinasamarbeid med mål om å «vere ledende i Norge på forskningssamarbeid med Kina», som det var formulert i strategien. No tar Universitetet i Oslo førarsetet:

Signala frå UiB kjem nemleg på same tid som UiO trappar opp forskings- og utdanningssamarbeid med Kina, mellom anna som vertsskap for Fudan-universitetets europeiske senter. I eit notat til universitetsstyret ved UiO, heiter det at UiO skal vere «tyngdepunkt for akademisk Kina-samarbeid» i Noreg.