onsdag 30. juni 2021

I klårtekst: Kva skjer med uigurane i Kina?

Kina får kritikk for måten dei behandlar den muslimske uigurbefolkinga i regionen Xinjiang. Menneskerettsgrupper hevdar at Kina i løpet av dei siste åra mellom anna har halde over ein million uigurar i det som blir kalla omskuleringsleirar, at uigurane blir brukt til tvangsarbeid og at uigurske kvinner blir tvangssteriliserte.

Lat oss kikke nærmare på situasjonen: Kven er uigurane?

Uigurane er eit folk av tyrkisk avstamming. Dei snakkar eit eige språk, uigurisk, som er eit tyrkisk språk. I dag bur ein del av dei i Usbekistan, Kazakhstan, Kirgisistan og særleg i Kina. Det er i Kina ein finn mesteparten av uigurane i verda. Dei kinesiske uigurane held til i Xinjiang-området, som er ein autonom region i nordvest-Kina. Det vil seie at regionen, som også blir kalla Aust-Turkestan, har status som sjølvstyrt. Kinesiske styresmakter har likevel stor innverknad der. Flesteparten av uigurane er muslimar, og området deira er den einaste kinesiske regionen med muslimsk fleirtal.