onsdag 30. juni 2021

Filming, mystiske anrop, og dataangrep. Norske uigurar føler seg aldri heilt frie

– Eg opplever stadig dataangrep. Ja, nesten kvar dag, eigentleg, fortel Muetter Iliqud. «New Log Ins Detected» står det på mobilen hennar når ho bruker Telegram - ein applikasjon ho bruker for å sende meldingar. Ho veit ikkje akkurat kven det er som forsøker å logge seg på, men ho kjenner seg sikker på at dei jobbar for den kinesiske stat.

Og det er ikkje det einaste som Kina gjer for å vise at dei følger med på ho og andre uigurar, hevdar Iliqud. NRK fortalde nyleg om norsk-eritrearar som var skuffa over at den norske regjeringa ikkje hadde følgt opp rapporten Press og Kontroll. Rapporten forklarer korleis enkelte innvandrargrupper blir pressa, kontrollert eller overvaka av utanlandske regime. Uigurar frå Øst-Turkestan, eller Xinjiang-provinsen, som Kina kallar den, er også ei gruppe som er omtalt i rapporten.

NRK møter to norsk-uigurar utanfor Utanriksdepartementet, der dei nettopp har vore i eit møte. Muetter Iliqud og Adiljan Abdurihim er sentrale i Den norske uighurkomité, og heller ikkje dei har merka endring til det betre sidan rapporten kom i fjor.