Eg nærmast snublar over bygningen. Brått står den der i all si prakt, fargerik i blått, kvitt, grønt, raudt, og strekk seg opp mot himmelen. Den kjem overraskande på meg fordi den er gøymd i ei bakgate, klemt inne av andre bygningar i gamlebyen Dali, oppe i fjella i Yunnan.
Eg trur den må væra eit gamalt lokalt tempel, for den er bygd på tradisjonelt vis, med dragar på taket, og ornamenter i alle krinkelkrokar. Først då eg ser skiltet utanfor, forstår eg at dette er ei katolsk kyrkje, bygd i stilen til den etniske minoriteten Bai.