lørdag 27. februar 2021

Fudan-universitetet åpner senter ved Universitetet i Oslo


Frå starten i 2013 og fram til brotet i juni 2020 var Københavns universitet base for Fudan-European Centre for China Studies. I august tok Fudan University kontakt med Universitetet i Oslo (UiO) med spørsmål om å ta over vertskapet. Det passa perfekt inn i UiOs planar om å trappe opp samarbeidet med kinesiske forskingsinstiusjonar.

— Det er ein interessant organisasjon, seier rektor ved UiO, Svein Stølen.

Fudan har lenge vore rekna som eitt av dei mest liberale (og beste) universiteta i Kina med ein viss distanse til makta i Beijing. Men også ved Fudan-universitetet er den akademiske fridomen no under press, med stadig sterkare politisk kontroll, sensur og overvaking under president Xi Jinpings styre. Dette er ikkje eit argument for å redusere fagleg samarbeid, meiner UiO-rektoren. I ein seremoni på Zoom i dag, fredag, signerer han avtalen som gjer Blindern til hamn for det europeiske Fudan-senteret.