fredag 23. august 2019

Raftostiftelsen: — Tør universiteta ta i Tibet? Eller arrangere seminar om Tiananmen-massakren?


Universiteta må vise i praksis at dei støttar opp om den akademiske fridomen, ikkje berre prate om det, meiner Raftostiftelsen.

— Vi må hugse at Kina er ein autoritær stat som er i ferd med å bli endå meir autoritær. Den akademiske fridomen i Kina er blitt reversert dei siste åra. Då blir det endå viktigare for norske samarbeidspartnarar å vise at ein faktisk er uavhengig og truverdig når det gjeld å ivareta akademisk fridom, seier leiar Raftostiftelsen, Jostein Kobbeltvedt.
Den akademiske fridomen i Kina er blitt reversert dei siste åra
Jostein Kobbeltvedt, dagleg leiar av Raftostiftelsen.

Han meiner det ikkje blir gjort nok for å vise at den akademiske fridomen er reell i forskings- og utdanningssamarbeid med Kina.