Både leiinga ved UiB og den norske direktøren ved Konfutse-instituttet i Bergen har fleire gonger kategorisk avvist at den akademiske fridomen blir utfordra. No har universitetsleiinga i Bergen likevel bede sine samarbeidspartnarar i Beijing om å få legge ein ny paragraf inn i avtalen.
Det går fram av eit brev som er sendt Hanban, hovudkvarteret i Beijing for dei verdsomspennande Konfutse-institutta. — Vi har ingen erfaringar som tilseier at akademisk fridom ikkje blir respektert, seier Annelin Eriksen, viserektor for internasjonale relasjonar.
I den nye formuleringa heiter det at ingenting skal avgrense eller påverke den akademiske fridomen og heller ikkje reguleringar mot diskriminering (non-discrimination policies) ved universiteta som deltek i samarbeidet. I forslaget til ny paragraf blir det også understreka at universiteta og dei tilsette skal rett til å bestemme innhaldet på pensum og undervisningsformer.