tirsdag 5. februar 2019

Telenor: – Huawei er ein viktig samarbeidspartnar

PST-sjef Benedicte Bjørnland ber i eit intervju med NRK i dag norske selskap om å vere obs på Huawei , altså at selskapet kan vere ein trusselrisiko. Dette er i tråd med åtvaringar også frå fleire vestlege land. Både Telenor og Telia har hatt tett samarbeid med Huawei i utbygginga av det norske mobilnettet. Huawei var tungt inne i 4G-utbygginga, og dei er også med i pilotprosjekt for utbygging av 5G, femte generasjon av mobilnettet.