mandag 16. april 2018

Kinesiskprofessor Halvor Eifring får ikkje visum til Kina


Ein av UiOs-fremste Kina-kjennarar, professor Halvor Eifring ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk, har fleire gonger i det siste ikkje fått svar på sine visumsøknader til Kina. Han skulle uansett ikkje vera med i den store delegasjonen på 250 universitets- og høgskulerektorar som saman med minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø er i Kina denne veka. Det skulle derimot ein annan Kina-ekspert ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk, førsteamanuensis Koen Wellens. Men han fekk ikkje visum og måtte bli heime.